Det er damekoret Vestavind som no vil skape oktoberfest også på Bryggja. Frå før er Stryn den leiande plassen for oktoberfest i Nordfjord, men leiar i Vestavind, Alice Vedvik, trur det er plass til fleire slike festar i regionen.

– Vi har ikkje planar om å ta opp konkurransen med Stryn, men vi trur at dette kan bli ein kjekk kveld på Bryggja, som vi håpar kan bli årleg, seier Vedvik som kan røpe at allsong og jodling blir å høyre.

– Damekoret Vestavind har øvd inn litt jodling som vi skal framføre. Så blir det langbord og utdelt songhefte der det blir oppfordra til allsong, seier Vedvik.