Etter halvanna år med rehabilitering vart Granfosstunnelen i Oslo nyleg opna. Med Skanska Norge som entreprenør og Statens vegvesen som byggherre fram står vegstrekninga på 2200 meter som ein av landets finaste og mest moderne. Blant oppgraderingane i tunnelen er nytt vegdekke, nye dreneringsløysingar, ny belysning, nye kamera, oppgraderte antenner for kommunikasjon og naudnett, fleire naudstasjonar, oppgraderte rømmingsvegar, nytt elektrisk anlegg og betre brannbeskyttelse.

Valde Eid Elektro

Prosjektsjef for tekniske anlegg i Skanska Norge, Gudmund Dyrland, henta inn Otera Infra som hadde elektroentreprisen på Granfoss-prosjektet. Dei valde Eid Elektro som sette saman dei avanserte løysingane basert på teknologi frå Eaton, deriblant avbrotsfri straumforsyning (UPSer) og straumforsyningstavlene. Eid Elektro, med hovudsete på Nordfjordeid, er ein landets mest kompetente leverandørar av elektro- og styretavler, med særleg brei erfaring innan veg- og tunnelmarknad.

Stor prosjekt

–Granfosstunnelen var eit stort og komplekst prosjekt med relativt kort byggetid. Fordi den er plassert på ein av Oslos mest trafikkerte strekningar må vi vere sikre på at alt utstyr fungerer optimalt når det er montert, seier Tore Hjelle i Eid Elektro, som fortel at alle funksjonar innan styring og overvaking blei testa og validert på verkstaden saman med Eaton, kunde og byggherre. Løysingane frå Eid Elektro var hovudtavler, naudstraumstavler, underfordelingar, SSA-skap, naudskap, brannskap og kiosk-skap, straumskinner og UPS-er. Felles for løysingane er at dei i hovudsak er basert på komponentar og løysingar frå Eaton med fokus på miljø, driftssikkerheit og energieffektivitet.

– Tekniske anlegg i tunnelar er svært komplekse. Alle funksjonar må kunne overvakast og fjernstyrast. Straumtavler og -skap må byggast i forhold til strenge sikkerheitskrav, og vere enkle å vedlikehalde og reparere. Faktorar som strenge krav til merking, høge kortslutningsstrømmer, kursar med lange lengder, og utstyr med både høge startstraumar og låge driftsstraumar set krav til rett vern og utstyr, seier Hjelle.

Lovord

–Eid Elektro sine nye lågspenningstavler har hausta mange lovord fordi dei er driftssikre og spesielt eigna for norske forhold. Dei møter nye krav i marknaden og er basert på innspel frå elektroentreprenørane. Skåpa er brukt i mange norske vegprosjekt, deriblant Granfoss-tunnelen, seier Jon Helsingeng. Han er administrerande direktør i energispesialisten Eaton.

–Det er gjevande at vårt utstyr og vår kompetanse er med på å sikre noko av Norges viktigaste infrastruktur. Det gjev enorm motivasjon å samarbeide med så flinke partnarar som Eid Elektro, Otera Infra og Skanska Norge, seier Helsingeng.

Tryggar: Granfosstunellen i Oslo vart opna på nytt i juli 2017. Eid Elektro har vore ein viktig leverandør av det elektriske utstyret i tunnelen. Foto Espen Børresen Foto: Espen Børresen
Lovord: Lågspenningstavler har hausta mange lovord fordi dei er driftssikre og spesielt eigna for norske forhold. Til venstre teknisk leiar Tore Hjelle og prosjektleiar Paal Gunnar Lund. Arkivfoto: Anita Ingebrigtsen Foto: Anita Ingebrigtsen