Elevane ved Nordfjordeid skule kunne i dag ta kontrollen i Skulevegen. Heilt utan bilar kunne dei både leike i vegen, og bruke heile vegen når dei skulle danse. Der dei vanlegvis må passe seg for bilane, kunne dei i dag springe rundt utan tanke for at det kan vere farleg.

Over heile landet blir det i dag dansa BliMe-dans. Ein dans som blei starta opp for åtte år sidan, i regi av NRK-super. Tanken er at alle skal vere vener og danse saman, det er ein dans for venskap og omtanke.