I melding heiter det at vassverket i det siste har hatt eit for høgt innhald av bakteriar i drikkevatnet. Analysane som er tekne viser ikkje spor av sjukdomsframkallande bakteriar som krev koking, men som likevel ikkje er ønskjeleg i drikkevatnet.

Utspyling

–Vi har i denne perioden utført  utspyling av leidningsnettet samt auka klordoseringa. Vi vil fortsette med utspyling av nettet. Dette kan medføre farga vatn og vatnet kan innehalde partiklar. Abonnenten kan spyle og reinsk silar. Vi vil og auke klordosen ytterlegare for å prøve å ta knekken på uønskte bakteriar. Dette kan medføre klorsmak av drikkevatnet. Tiltaka er gjort i samråd/dialog med Matilsynet,  heiter det i meldinga frå teknisk drift i Eid kommune.