Leiar i Oppvekst- og kulturutvalet, Knut Tore Nes Hjelle (V) klipte snora som markerte opninga av den etterlengta ridestien. Han ønskte hestemiljøet lukke til med bruken og minna dei også om at dei må hugse å late att leda, slik at ikkje sauer og kyr kjem på avvegar.

– Det er flott for både folk og hestar å kome seg opp i marka, sa Nes Hjelle under opninga der han rosa dei ulike partane som har samarbeidd om å få dette til.

– Betyr veldig mykje

– Ridestien vil bety veldig mykje for fjordhestsenteret og hestemiljøet i Eid. Det aller, aller viktigaste er trafikksikkerheitsmessig, at ein ikkje lenger treng å ri på trafikkerte vegar. Det seier dagleg leiar på Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum.

Somme hestar toler godt trafikk, og det kjem framleis til å vere hestar i Nordfjordeid sentrum. Med erfarne ryttarar går det bra, men den nye ridestien opnar nye mogelegheiter. På senteret opplever dei stor interesse for ridetimar og ridekurs, og med ridesti rett oppover til utmarka er det mykje enklare å tilby mellom anna korte turar med turistriding, også for folk som ikkje har så mykje erfaring.

Elevane ved hestelinja på Fjordane Folkehøgskule er hovudbrukarane av senteret no i skuleåret. Ein del av dei bortimot 50 hestelinjeelevane har med eigen hest, medan andre låner av senteret sine skulehestar.

Ting tek tid

Gerd Fløde Bjørlo frå Eid kommune fortalde at det er lenge sidan rideinteressene tok til orde for å få etablert ein ridesti frå fjordhestsenteret og ut i utmarka. Det var eit sterkt ønskje om å sleppe å ri gjennom bustadfelta i kommunen.

Bjørlo fortel at det i kommuneplanen som vart vedteken i 1998 vart teikna inn ein trase for ridesti som skulle ligge i eit friområde mellom Myklebuståsen bustadfelt og det arealet som då vart lagt inn som eit nytt bustadfelt aust for Myklebuståsen.

Det var fleire møte om saka, og mellom anna eit i 2003 då kom det innspel frå fjordhestsenteret, folkehøgskulen, Eid Travlag, Eid ride- og køyreklubb, Fjordhestlaget, Ivar Os m.fl. om at det no hasta med å få på plass den mykje omtala ridestien.

Eid kommune var ikkje uvillig, men det var eit kostnadsspørsmål. Her var mange grunneigarar og mange avtaler som måtte gjerast før ein i det heile kunne starte arbeidet.

Samarbeid

I 2006 lanserte kommunen med dåverande skogbrukssjef Harald Kjær ei mogleg løysing med samarbeid mellom ridesti og bygging av ny vassleidning som då var under planlegging. Det å legge ridestien i same traseen ville gjere det mogleg å få ned kostnadene

Konkrete tiltak starta først i 2008 då ein i eit møte med kommunen og hesteinteressene skisserte mogleg løysing i samband med reguleringsplan for det nye bustadfeltet i Hogaåsen. Plan- og grunneigarspørsmåla vart løyse gjennom planarbeidet og gjennomføringa av planen, og tilsvarande vart framføringa av vassleidninga fram til reinseanlegget på «Tsjernobyl» løysinga på vidareføringa av ridestien så langt.

Gerd Fløde Bjørlo avslutta med spørsmålet om ein no er ferdig med etablering av ridesti i dette området. Ho peika på at det i 2009 vart lansert planar om ein ridesti frå Fossane til Tippasetra, ein kombinert sti for turgåing, sykling og riding.

OPNING: Leiar i Oppvekst- og kulturutvalet, Knut Tore Nes Hjelle (V) klipte snora. Foto: Anna Wuttudal
BETYR MYKJE: Den nye ridestien vil bety mykje for hestemiljøet i Eid, ikkje minst for aktiviteten til Fjordane Folkehøgskule og Norsk Fjordhestsenter. Foto: Anna Wuttudal
FIN STI: Det var pur glede over fin sti. T.h.: Silvia Førde, rektor på Fjordane Folkehøgskule. Foto: Anna Wuttudal
OPP I UTMARKA: Ridestien startar ved fjordhestsenteret, den går først forbi hyttene og deretter i svingar den oppover like aust for det nye bustadfeltet, Hogaåsen. Foto: Anna Wuttudal
GLAD: Ei som er glad for dette tiltaket er Ina Malene Berge, lærling på Norsk Fjordhestsenter.