– Ein plass må grensa gå. Det kan ikkje rørast noko som helst. Vi må ha sjukehuset slik det er i dag, og det bør helst byggjast opp igjen. Det seier Svein Hansen. Han støttar dei som tek til orde for at nok må vere nok når det gjeld Nordfjord sjukehus. Han tykkjer det er utriveleg at sjukehuset på Nordfjordeid heile tida skal vere salderingspost. Han er likevel ikkje overraska over det som no skjer.

– Går ein tilbake og ser, så er det dette vi har hevda heile tida, at satsinga på Førde med storstilt utbygging der, vil gå ut over både Nordfjord og Lærdal, påpeikar Hansen.