Tysdag 19. september inviterer dei til ope møte i kommunesyresalen på Nordfjordeid, der temaet er «Ein god oppvekst varer livet ut». Dette vert ein kveld med tema kring dei krav barn og ungdom kjenner på i dag og det å vekse opp i dagens samfunn.

– Det å skape gode oppvekstvilkår er eit kjempeviktig tema for ungane våre, og at vi kan vise dei at vi ser dei og bryr oss. Dette er viktig å drøfta, og at vi kan spele på kvarandre. I Eid har vi mange gode krefter innan kultur og idrett, seier leiar Jacobsen.

Også Grete Herlofson, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitesforening, vert med denne kvelden

– Vi får innspel frå helsesøstertenesta og vi vil saman drøfte korleis vi tenkjer at sanitetskvinnene og andre, kan vere støttespelarar for å få til gode oppvekstvilkår i kommunen vår, fortel Jacobsen, som gler seg til samlinga som er open for alle interesserte.

Her vert også musikalsk innslag ved Alexa Melheim og Eline Jacobsen Lillestøl.