Statens vegvesen gjennomførte i går kontrollar på E39/Rv 15 på Kjøs og i Stryn der dei hadde fokus på lette køyretøy.

Fem bilførarar fekk bruksforbod på grunn av tekniske manglar på køyretøyet og fire av dei vart avregistrerte.  Ein bilførar fekk gebyr for å ikkje ha med seg vognkort, og to blir anmeldt for brot på vegtrafikklova med tilhøyrande forskrifter.

Rune Løset i Statens vegvesen melder at fleire bileigarar også kan vente seg innkalling til teknisk kontroll.

Senka bilen – fekk førarkortet inndrege

Statens vegvesen gjennomførte i fredag ettermiddag og kveld kontroll på Kjøs der dei gav

fem gebyr for manglande dokument og for bruk av piggdekk. Det vart gjeve fire bruksforbod i samband med sikt/bremser/dekk/og senking.

Ein bilførar vart meld for store tekniske manglar. Føraren hadde senka køyretøyet ved å kapping av fjører, og i tillegg var det ulovlege dekk og felg på bilen. Politiet vart tilkalla og førarkortet vart inndrege på staden.