Dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik seier at bedrifta baserer seg i veldig stor grad på kompetente medarbeidarar saman med ein moderne maskinpark, noko som gjev høg produktivitet og god økonomi.

Vidare seier han at større grad av automasjon og utflagging ikkje har vore aktuelt for bedrifta dei seinare åra. Den noverande manuelle produksjonen er konkurransedyktig og tilpassingsdyktig.

Totalleverandør

Fiskevegn er totalleverandør til autolineflåten, og leverer både mekanisk utstyr som egnemaskiner og tauverk og reiskap. Bedrifta produserer dessutan blytau, fløytline til garn, tau til skjeloppdrett, synketau til oppdrettsanlegg, og monterer garn og liner.

− 40 – 45 % av produksjonen går til eksport, opplyser Kvernevik.

Miljøomsyn avgjerande

Fangstvolumet i fiskeria i verda flatar ut, og Kvernevik meiner at line vil bli eit stadig meir føretrekt reiskap både av omsyn til lønnsemd og miljø.

– Fisket må vere berekraftig, og det vil i framtida verte auka behov for fangstreiskapar som er miljøvenlege, betrar kvaliteten og hevar prisane på fangsten, slår Kvernevik fast.

Fiskevegn er ein viktig aktør i Sørishavet, og har utvikla ei hurtigsynkande line, som har redusert dødelegheita av sjøfugl med 90 %. Denne linetypen er blitt ein så stor suksess at alle som fiskar i Sørishavet må bruke den.

Lokale samarbeidspartnarar

Fiskevegn har store leveransar og tett samarbeid med Ervik Havfiske både i nære farvatn og i Sørishavet.

− Dette samarbeidet og den fantastiske nærleiken til verdas beste linefiskarar har gjeve bedrifta fortrinn for utvikling av reiskap og teknologi, og gjeve den veldig godt omdømme internasjonalt, meiner Kvernevik.

Han seier vidare at nærleik til kundar over heile verda er avgjerande for suksess, og framhevar dessutan bransjeklynga Måløy Maritime Group. Finans- og banknæringa lokalt og Innovasjon Norge, har og høg kompetanse og forståing for bransjen.

Effektivitet og pålitelegheit

Enten det gjeld det eksotiske fisket etter tannfisk, snapper og havabbor i fjerne farvatn, eller torsk og hyse i nære farvatn, må teknologi og reiskap fungere optimalt. I egnemaskinene er hovuddelane svært avanserte, med bevegelege delar og sensorar. Ting skjer veldig fort, 5–6 krokar vert egna per sekund. Opp til 70 000 krokar skal ut i eitt sett.

Det same gjeld draging av lina, fart og funksjonalitet er avgjerande. Fiskevegn har topp teknisk kompetanse på dette området, der og underleverandørar bidrar aktivt.

Stad kommune

Kvernevik meiner at kommunestruktur ikkje er avgjerande for bedrifta.

− Vi jobbar uansett uavhengig av kommunegrenser, seier han.

Generelt peikar han på at det lokalpolitikarane kan gjere er å stille opp for næringslivet og skape eit godt samarbeidsklima. Konkret kan dei syte for god infrastruktur i kommunen: gode kommunikasjonar, tomter til industri og bustadbygging og eit godt skulesystem.

− Dette er føresetnader for ein velfungerande arbeidsmarknad, slår han fast.

Lys framtid

Fiskevegn vil satse på å vere verdsleiande i autolinesegmentet også i framtida. Miljøvenleg fiskeri er heilt avgjerande, i tillegg til satsing på å heve kvaliteten på fangsten gjennom utvikling av ypparleg utstyr. Her har bedrifta 44 års bransjekunnskap å byggje på.

Ein engasjert dagleg leiar peikar avslutningsvis på kor avgjerande det er at bedrifta har dyktige og sjølvgåande folk som kan ta eigne avgjerder.

BEDRIFTSLEIINGA: I spissen for bedrifta f.v. Helge Solheim, bedriftseigar (50%) og arbeidande styreformann og Trond-Inge Kvernevik, dagleg leiar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FIBERTVINNING: Sigrun Eide overvaker tvinning av ulike typar fiber som vert brukt i lineproduksjonen. Foto: Per Ole Lefdalsnes
EGNEMASKIN: Ein heilautomatisk egnemaskin produsert på Flatraket av Best Fishing Gir som er heileigd av Fiskevegn. Den første blei utvikla på 1990-talet. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BYGGJESTEIN: Fiskevegn med sine 40 tilsette er ein byggjestein for bygda Flatraket. Foto: Per Ole Lefdalsnes