Statens vegvesen gjennomførte i går ettermiddag og kveld kontroll på Folven i Stryn.

Vegvesenet melder at ein lastebilsjåfør vart anmeldt for å ikkje nytte fartsskrivarkort i fartsskrivaren under køyring.

På eit vogntog var stroppene for å sikre lasta lause, og sjåføren måtte sikre lasta si betre før vidare køyring.

Ein lastebileigar hadde ikkje kalibrert fartsskrivaren i bilen, og måtte på verkstad med denne for kalibrering før han kunne nytte bilen til vidare transport.

Tre lastebilar vart ståande på kontrollplassen, og fekk ikkje køyre vidare før gjenstandar i frontvindu var fjerna.