I tillegg til den ordinære avisa, kjem Fjordabladet i dag med messeavis. Der finn du alt du treng å vite om Eidamessa, som blir arrangert på Nordfjordeid torsdag til laurdag denne veka.

I messeavisa finn du det fullstendige programmet for Eidamessa. I tillegg kan du blant anna lese om vikingleiren, Odd-Erik Lothe som skal vere gatemusikant under Eidamessa, Bodil Fjellestad Eikrem som skal halde føredrag om lokal mat, nyetablerte og jubilerande butikkar og mykje meir.