– Vi i Sp har levert det vi kan



Sigurd Reksnes er på valvake i Førde og er strålande fornøgd med partiet sin oppslutnad. Prognosane viser svært gode tal med framgang for Senterpartiet.

– Vi i Sp har levert det vi kan. Vi har gjort eit kjempeval både på landsbasis og i Sogn og Fjordane. Det ser ut til at vi får inn ei stortingsgruppe som er nesten dobbelt så stor som den vi har. Det er fantastisk for partiet, seier Reksnes.

  Fullt så lovande ser det ikkje ut når det gjeld raudgrøn regjeringsmakt. Her leiar den borgarlege fløya, men ting kan endre seg og Reksnes har ikkje gitt opp.

–  Det betyr ein del kven som kjem over og under sperregrensa. Korleis det går blir meir og meir sikkert utover kvelden, seier Sp-politikaren frå Eid, som sjølv står som nummer tre på Sogn og Fjordane Senterparti si liste.

Siste nyhende

Historia om bakeria i Eid

Smørdal og Rasmussen

Historia om bakeria i Eid

M. Andersen bakeri

Historia om bakeria i Eid

Alsaker Bakeri

Storfint besøk i Selje

Laurdag morgon vakna folk i Selje opp til eit sjeldant syn.