Onsdag kveld møtte totalt 24 deltakarar på Tua, for å springe ti kilometer på grus. I tillegg deltok 12-åringen Aron Mathias Vonheim på fire kilometer, noko han gjennomførte på den flotte tida 20,47.

I flotte vêr- og løypeforhold var det motbakkespesialisten Arve Rindal som ikkje uventa gjennomførte løpet på beste tid. Med tida 37,46 var han 46 sekund raskare enn Hilmar Kråkenes på andreplass.

Berre ei kvinne

Av dei totalt 25 deltakarane var det berre ei kvinne. Liv Berge (K 60-69) gjennomførte Heiamila på tida 57,55, og hadde eit godt stykke opp til den svakaste tida på herresida.

Heiamila er det femte av i alt sju løp i årets Nordfjordkarusell. Dei fire første var Sørstranda Rundt (arr. IL Brodd) 1. april, KM terrengløp (arr. Fjellhug/Vereide IL) 9. april, Måløyløpet (arr. Almenning IL) 20. mai og Postvegløpet (arr. Markane IL) 7. juni.

Dei to siste løpa i årets utgåve av Nordfjordkarusellen er Over Brekka (arr. Haugen IL) komande søndag, og Nordstrandsløpet søndag 1. oktober.

Snart 30 år

Bakgrunnen for Nordfjordkarusellen er eit ønskje om eit breiare, betre og meir interessant løpsmiljø i regionen.

Det var Magne Tystad som fekk ideen til Nordfjordkarusellen på byrjinga av 1990-talet, og den vart arrangert for første gong i 1992.

Sidan den gong har karusellen blitt arrangert kvart år, og går dermed for 26. gongen i år.