– Den voldsame bresmeltinga uroar meg. Den kan øydelegge mykje for lokalt reiseliv og er eit klart teikn på klimaendringane vi står ovanfor, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Måndag 14. august meldte Sogn Avis at dei tradisjonelle familieturane på Nigardsbreen kan bli historie om bresmeltinga held fram i same tempo som no. Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen Breførarlag, har no invitert med seg Sveinung Rotevatn på ekskursjon til Nigardsbreen i Jostedalen tysdag 22. august.

Turistnæringa taper

– Sogn og Fjordane har ein reiselivsplan som trekkjer fram Jostedalsbreen med brearmane som ein av dei viktigaste attraksjonane i fylket, saman med fjordane. Turistnæringa kan tape stort om klimaendringane og den store nedsmeltinga av isbreane held fram, seier Sveinung Rotevatn og held fram:

– Det som skremmer meg mest er at dette er eit teikn på kva som er i ferd med å skje i verda. Nedsmeltinga av innlandsbreane er berre småtteri samanlikna med polisane i Arktis og Antarktis.

Ekstremvêr og ras

No vil Rotevatn sjølv ta endringane på Nigardsbreen i augesyn. Saman med Steinar Bruheim frå Jostedalen breførarlag og medlemer frå Venstre sine lokallag i Indre Sogn vil han vere med på ekskursjon til breen.

– Klimaendringane er vår tids største utfordring, og kan endre verda fundamentalt gjennom ekstremvêr, ras, tørke, endra havstraumar og havstiging. Dette kjenner folk på kroppen allereie, anten det gjeld smelting av isbrear eller store øydeleggingar slik vi såg i Utvik og på Breim tidlegare i sommar, seier Rotevatn.