Det har blitt skilta i begge ender av fylkesvegen, både på Skipenes og på Nor, der det går klart fram at totalvekt for køyretøy er maks 20 tonn  og lengdeavgrensing på køyretøy er 12 meter.

Etter innspel frå Eid kommune vil Statens vegvesen også vurdere om det skal setjast opp måleinstrument som tel tal køyretøy og hastigheit, som kan danne grunnlag for eventuell ny vurdering av nedsett fartsgrense.

Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen kjenner ikkje til at det elles er på gang andre konkrete tiltak for å gjere utbetringar i høve akseltrykk eller betre trafikktryggleiken på strekninga.

Rv 663 ved Kviane vert i tillegg til person- og næringstrafikk nytta til skule- og turveg. Mjuke trafikkantar er såleis ein del av trafikkbiletet

Har dialog med vegvesenet

Lars Petter Leite i Eid kommune opplyser at dei har vore i dialog både med vegvesenet og fylkeskommunen som eig vegen. Det har vore gjennomført trafikktryggingssynfaring og møte med utbyggar på Nord.

Kommunen har tidlegare fått avslag på søknad om nedsett fartsgrense på fv 663. Leite fortel at dette no er teke opp att med vegvesenet, og at dei vurderer å gjere målingar.

– Det er behov for tiltak, ikkje minst utifrå at industriområdet er under utvikling, seier Leite.

Han peikar på at dette er ein fylkesveg og fylkeskommunen og vegvesenet må vere med om det skal gjerast tiltak.

Fokus på mjuke trafikkantar

I samband med oppstart av detaljreguleringsplan for masseuttak og næringsområde i Kviane langs Fv 663 vart det i møte mellom Eid kommune og Statens vegvesen i mai teke opp kva trafikkvurderingar som vil vere naudsynte. Her går det mellom anna fram at det i planprosessen må gjerast vurderingar av kva konsekvensar ny næringsverksemd får for bruken av området, særleg med fokus på mjuke trafikkantar. Ein skal mellom anna synleggjere kostnadene med ein gang- og sykkelveg kontra alternative løysingar.