Fjordabladet har som ei av få norske aviser teke turen til Lake Distrikt i Nord-England, og møtt verdas mest kjende sauebonde, James Rebanks, i hans rette element: garden hans Race Ghyll Farm i avsides Matterdale.Etter å ha spurt oss fram, kom vi til Race Ghyll Farm og ein bratt gardsveg tok oss opp i gardstunet. Våningshuset til familien Rebanks er den gamle renoverte sauefjøsen til bestefaren, og sauefjøsen er berre eit stort skur.

Sauebondens paradis

Vi er i sauebondens paradis, bygda Matterdale i Eden fylke, og for sauebøndene er dette ei travel tid på året: Det er tid for klipping, og hundrevis av lam skal skiljast frå mødrene, vaksinerast og sorterast etter kjønn og kvalitet.

Sauebøndene er gjerne mest opptekne av å ha dei beste vêrane (tups), som seinare skal på sauesjå, og seljast for fleire titusen pund.

Paring, lamming, klipping, auksjonar. Det er nok å gjere for ein sauebonde heile året. Dyra må ha jamleg tilsyn for å hindre tap ved sjukdom og skader. Tre kelpiar er gode hjelpesmenn.

Saueflokk på 1400 dyr

Rebanks er i full sving med å sortere lammeflokken no i byrjinga av august, men likevel tek han seg tid til ein pause i arbeidet og slå av ein prat med Fjordabladet. Han tørkar hendene på T-skjorta og handhelsar hjarteleg.

Han og familien driv farmen åleine, men leiger ekstrafolk for å ta arbeidstoppane, og dei kan det vere mange av med ein saueflokk på 1400 dyr. Sonen Isaac på fire følgjer ivrig med medan faren jobbar.

Plikt og tradisjonar

Rebanks føler at det er ei plikt å føre vidare tradisjonane frå far og bestefar og familien elles som har drive med sau i distriktet i meir enn 600 år. Men han hevdar at han elskar livet som sauebonde, med hardt arbeid, eit nært forhold til naturen og eit liv som gjev nærleik til forfedrane og som gjev livet retning og meining.

Hard kamp for å overleve

Rebanks innrømmer at livet som sauebonde er ein hard kamp for å overleve. Inntekt og status har sunke drastisk berre på eit par generasjonar. Men kjærleiken til dei grønkledde dalane på heimtraktene og familietradisjonane, gjer han til ein kraftfull forsvarar av livet som sauebonde der, i ei verd der urbanisering og sentralisering fossar fram ikkje berre på den engelske landsbygda men over heile verda.

The Shepard’ Life

Det er dette livet som sauebonde på den nordengelske landsbygda Rebanks skriv så livfullt og engasjert om i boka si. Boka har verkeleg treft ein nerve i samtida i ei verd i rask omskifting. Den har kome ut på 20 språk, også norsk, og har blitt ein bestseljar fleire stader. Både den litterære eliten og vanlege boklesarar har sett stor pris på Rebanks forteljarglede og enorme engasjement for eit enkelt liv basert på lange tradisjonar.

«Heil ved»

Rebanks har skrive verdas vakraste bok om å vere sauebonde. Gjennom Rebanks bokprosjekt har sauebøndene fått ei kraftig oppgradering og statusheving. Rebanks viser rett og slett at dei er «heil ved».

IKONISK SAUERASE: Sauen av den ikoniske rasen herdwick er fullstendig tilpassa dette landskapet. Lamma er svarte i ulla ved fødselen, men etter eit år blir ulla på hovudet kvit, ullfellen blir mørkebrun og etter kvart grå. Foto: Per Ole Lefdalsnes
LAKE DISTRICT LANDSKAP: Typisk landskap i Lake District. Store grøne enger og låge ”fells”(fjell). Dette er og vikingbondens rike, og norske ord som ”fell”, ”beck” og i byane ”gate” er framleis i bruk. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FØRSTEKLASSES ”TUPS”: Swaledaleverane har svært kraftige horn, kvit ull og svart hovud med kvite flekkar. Å ha dei gildaste vêrane (tups) gjev høg prestisje og vert godt betalt på auksjonar. Høgast kjende pris for ein vêr er 101.000 pund. Foto: Per Ole Lefdalsnes
STILIG AUTOGRAF: Stilig men noko uleseleg autograf av mannen som har skrive ei usedvanleg vakker historie om det å vere sauebonde, det å høyre til, og leve i pakt med naturen. Foto: Anna Wuttudal
SOSIAL SAUEBONDE: Sauebonden set pris på besøk frå Norge, og at boka hans er populær også her. Foto: Gerd Anne Lefdalsnes
HERDWICKAR PÅ BEITE: Lamma er svarte og dei vaksne grå. Ein reknar med at det er om lag 50 000 herdwicksøyer i Storbritannia. Foto: Per Ole Lefdalsnes
LAKE ULLSWATER: På Lake Ullswater kjem ein tett på ”the fells”. Det er ikkje fjell i vår meining av ordet, men nemninga er frå vikingtida. Einstape veks villig oppetter ”fjell”-sidene. Dette er sauens rike. Foto: Per Ole Lefdalsnes
HEIMEKJÆR: James Rebanks i det landskapet han vaks opp i og er knytt til med sterke band. Midt på bildet er våningshuset, som opphavleg var fjøsen til bestefaren, Rebanks store ideal. Foto: Per Ole Lefdalsnes