Politiet melder i morgontimane i dag om slåsting mellom to menn i Eid. Ein rusa mann i 50-åra er teken med til lækjar for undersøking. Politiet skriv på Twitter at årsaka til hendinga ikkje er kjend.

I Loen måtte Røde kors i natt hente ned to jenter som hadde gått seg "fast" i Via Ferrata. Det var ingen dramatikk. Jentene vart tatt med til toppen og køyrde med bil ned att.