Siv Englund Smørdal har denne sommaren hatt utstilt nokre heilt særeigne koppar i sin butikk. Det er koppar eller krus med motiv frå Eid. Her kan ein få ein kopp med vikingskip, med fjordhesten eller med ein laks, til dømes. Koppane har påtrykt motiv laga i vinyl.

Data og kuttemaskin

– Det er eg sjølv som har designa og laga motiva. Eg teiknar dei først på data, og så blir motivet overført til vinyl med hjelp av ei eiga kuttemaskin som eg har, seier Siv, som skaffa seg denne maskina tidlegare i år. I løpet av våren og sommaren har ho laga nokre koppar som ho no sel i butikken sin. Og det kan bli fleire motiv etterkvart.

Operakoppar

– Det går mot operatid, så nokre operakoppar kan det kanskje bli. Det kan også bli andre motiv som eg kjem på etterkvart, seier Englund, som sjølv har teke slike koppar i bruk og kan garantere at motivet held seg godt, sjølv etter fleire omgangar i oppvaskmaskina.