Ein bil hamna i natt i grøfta på E39 i Holmøyane i Eid. Politiet melder at det var ingen personskade, men at ein mann i 40-åra er mistenkt for promillekøyring. Vedkomande har fått førarkortet sitt kverrsett.