– Det er svært lite igjen, og ein del er samla opp på stranda, seier kommunalsjef Elin Leikanger i Eid kommune.

Ein konstaterer at det no ikkje er behov for noko strandsanering eller meir oppsamling frå båt. Ein vil organisere med oppdrettsanlegget om å få frakta det som er samla ved anlegget til Kattahamrane.

Rydding

Kystverket og Kystvakta sine oppgåver har hovudsakleg vore retta mot fjerning avvrakgods i skipsleia, og denne innsatsen er no over.

Dei har vore i sving med to båtar, og eit overvakingsfly har vore på plass for å kartlegge alt drivgodset som flaut i sjøen. Det meste hamna rundt ferjestrekninga mellom Anda og Lote.

I tillegg til rydding av skipsleia var det trong for å fjerne avfall langs strendene.

Sist veke tilrådde Kystverket at kommunane utfører oppryddingsarbeid i strandsona, og det var difor semje mellom kommunane om å gjennomføre ei rekognosering av områda.

Mindre samlingar

No er dette gjort. Nordfjord Havn, har saman med Eid kommune og Gloppen kommune vore på synfaring der Kystverket tilrådde strandsanering.

På Lote observerte dei enkelte mindre samlingar med barnåler og tang. Det var det også ved område ved Årskogvika. Der var samla drivgods i haugar på stranda.

«Området det var størst synleg samling av barnåler og tang og noko isopor var på vestlegaste punktet på nestet aust av Hundvika. Det var ikkje observert drivgods med fare for skipstrafikk, men mogleg utføring for sjøvassinntak på eksempel ferjetrafikk», skriv Nordfjord Havn i sin rapport etter synfaringa.

Ikkje behov

Det vart kryssa fjorden til område vest av Anda utan å observere noko særskilt. På retur tilbake til utgangspunktet var dei innom oppdrettsanlegget og fekk sjå noko av det dei hadde tatt opp ved anlegget. Det var og mykje som var kome på innsida av anlegget.

«Skipsførar informerte om at området såg mykje betre ut i dag enn det gjorde for eit par dagar sidan.», heiter det i rapporten.

Litt av det «MS Slåtterøy» plukka opp den første dagen. Foto: Kystverket/MS Slåtterøy