I 2015 var driftsresultatet på 3,1 millonar kroner. I 2016 er fasiten eit netto overskot på over sju millionar, altså meir enn ei dobling.

– Etter at vi tok over sal og distribusjon i Møre og Romsdal i juni 2016, visste vi at vi kom til å auke innteninga enormt mykje. Vi har tilsett fleire seljarar og sjåførar, men elles køyrer vi med den same administrasjonen. At vi meir enn dobla driftsresultatet frå 2015 til 2016 er sjølvsagt gledeleg, seier John Olav Lefdal.

Ventar vidare vekst

Det var i juni i fjor at NorDrikk skreiv kontrakt med Ringnes om å ta over alt salsanvar for Møre og Romsdal, og distribusjonsansvar frå Ålesund og

sørover. Avtalen kom etter at NorDrikk i snart 30 år hadde hatt Sogn og Fjordane som sin marknad.

John Olav Lefdal er eineeigar av NorDrikk gjennom morselskapet Lefdal Invest.

– Då vi tok over Møre og Romsdal gjekk vi frå ein marknad på rundt 110.00 personar, til å få ein marknad på 260.000 personar i tillegg. Det var denne avtalen som gjorde at eg kunne kjøpe Nordfjord Hotell og SeaWalken, seier Lefdal, som ikkje legg skjul på at veksten i NorDrikk held fram i 2017.

– Veksten i 2016 kom i siste halvår etter at vi tok over Møre og Romsdal, trass i ein dårleg sommar. Tala frå 2017 kan tyde på at vi vil nærme oss ei dobling i driftsresultat igjen, seier Lefdal.

Trur på Eid

Han meiner at samarbeidet mellom privat næringsliv og kommune i Eid dei siste åra har vore ein suksessformel.

– Det dreier seg først og fremst om å skape arbeidsplassar. No ligg vi an til å ta vår del av den enorme turistindustrien. Eg har god tru på at Eid vil oppleve ein skikkeleg «boom» dei neste ti åra, seier Lefdal, som gjennom si verksemd dei siste åra meiner at han har vist at han er oppteken av å skape utvikling lokalt.

– Eg kunne tatt ut pengane, reist til utlandet og gøymt meg vekk, men det er eg ikkje interessert i, seier Lefdal, som då kontrakten med Ringnes om Møre og Romsdal vart underskriven i 2016 feira med å støtte Sagastad-prosjektet med éin million kroner.

– Det som er viktig er at ein har bedrifter som tener pengar. Slik skapar ein vekst og fleire arbeidsplassar, seier Lefdal.