I regi av Sommarshopping er turen komen til strikkelaurdag i Eidsgata. Det kan bli tema strikking gjennom heile gata, då butikkane er oppfordra om å ta strikkepinnane fatt. Det kan vere alt frå utstilling av strikkebøker til demostrasjon av ulike strikketeknikkar. Ansvarlege for strikkelaurdagen er Eid husflidslag. Dei vil ha sin stand utanfor strikkebutikken Ein rød tråd. Der vil medlemmar av laget vere på plass for å vise fram ulike strikkeprodukt, ha strikkepinnane klar og utruste seg med kanskje ny kunnskap innan strikking. Butikken Eid Miljø vil ha utstilling innan strikking og i Bankjellaren vil det bli strikkepub. Her vil den faste strikkeklubben halde til, og andre er sjølvsagt velkomne til å vere med.

Strikkefeber

–Vi oppmodar strikkeglade om å ta turen til vår stand nord i gata, eller rusle gjennom Eidsgata for å oppleve strikking frå ulike vinklar, seier Bjørg Kaarstad frå Eid husflidslag. Ho er også innehavar av strikkebutikken En rød tråd, og vil i morgon vere på plass for å kome med nye tips innan strikking.

–Vi vil til dømes ha fleire strikka produkt ferdig, som barnejakker, gensarar og anna. Om nokon vil strikke julekuler eller fuglar kan vi også vise teknikkar for å få det til. Så har vi medlemmar som kan mykje om kunststrikk, eller det kan vere andre ting som folk lurer på. Ta med strikketøyet og møt opp i gata i morgon, vi vil ha stand med både strikketips, kaker og kaffi, seier Kaarstad som fortel at strikkefeberen for lengst har kome til Eid. Dei siste åra har det nærast vore ein eksplosjon når det gjeld strikking her i landet. Det er folk i alle aldrar som strikkar, og kreativiteten innan strikking har tatt av.

Trendy med strikking

–Dei siste åra har etterspurnaden etter garn og strikkeutstyr auka kraftig. Det har eg ikkje minst merka i min butikk, seier Kaarstad som trur at nokre kjendisar har gått opp det moderne strikkeløypa.

–Vi har Vendela Kirsebom, tidlegare skiskyttarar som Tora Berger og Tirill Ekoff som strikkar. Og ikkje minst Are og Carlos med sine kreative strikkeprodukt og bøkene dei har kome med. Det har rett og slett blitt veldig trendy med strikking og bruk av strikka plagg, seier Kaarstad.