AMK fekk melding om ulykka klokka 21.46. Føraren vart henta av luftambulanse. I følgje NRK Sogn og Fjordane skal det berre ha vore éin person involvert i ulykka, og denne personen skal vere lettare skadd. Vegen var stengt i ein knapp time etter ulykka.

Båtbrann i Bremanger

Natt til fredag kom det melding om at ein båt var i brann i Bremanger. Naudetatane rykte ut til staden, og båten hadde søkkt ved kai. Ingen personar er skadd. Båten var ein ca. 30 fot cabincruiser. Brannårsaka er  ukjent.

Arrestert i Vågsøy

To rusa menn i 30-åra nekta å forlate ein utestad i Vågsøy natt til fredag. Dei overheldt ikkje pålegg frå politiet om å forlate sentrum. Éin av dei vart sett i arrest.

For fort på Totland

Torsdag ettermiddag heldt Utrykkingspolitiet laserkontroll i 80-sona på Rv. 15 på Totland i Vågsøy. Det vart totalt delt ut seks førelegg. Høgaste fart vart målt til 101 kilometer i timen.