Kontrollen vart gjort på Haugen kontrollplass og på E 39 ved Eid idrettshus. Til saman vart 394 køyretøy kontrollerte. Alle førarar og passasjerar i køyretøya brukte bilbelte.

– Vi er veldig fornøgd med bilbeltebruken i dag. Det er svært viktig for trafikktryggleiken at alle brukar bilbelte og at ungane sit godt sikra i godkjent barnesikringsutstyr. I kontroll av sikring av barn i bil såg vi at nokre ikkje hadde stramma bilbelte/selane i barnestolane godt nok. Dette påpeika vi og alle fekk retta opp dette før vidare køyring, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Det vart delt ut to gebyr for manglande medbrakt vognkort, og eitt gebyr for manglande medbrakt førarkort.