Stadig fleire støttar Røde Kors med tomflaskene sine. Til og med juli er det satsa pant for 64 millionar kroner i Pantelotteriet i år. Det er ny rekord. 761.945 kroner av desse kom fra Sogn og Fjordane.

Til samanlikning blei det i same periode i fjor spelt for 55 millionar kroner. Juli var Pantelotteriet sin beste månad hittil i år, med ei omsetting på over 10 millionar kroner. I gjennomsnitt blir 12 prosent av all pant satsa i Pantelotteriet. I juli trona Meny Sogndal  på lotteritoppen i Sogn og Fjordane, med ein panteandel på heile 16,31 prosent. På andreplass kom Spar Eivindvik med 14,26 prosent før Kiwi Årdalstangen med 13,58 prosent.

Når de gjeld total mengde pant, er det Rema 1000 på Nordfjordeid som i fleire år har trona øvst i Sogn og Fjordane. I fjor fann meir enn 750.000 flasker og boksar vegen til panteautomaten i butikken til kjøpmann Einar Hildenes.

180 millionar

Sidan 2008 har Røde Kors fått 180 millionar kroner fra lotteriet. Halvparten av pengane går til dei lokale Røde Kors-avdelingane.

– Vi set stor pris på alle som trykker på Røde Kors-knappen. Pengane vi får frå Pantelotteriet betyr svært mykje for vårt humanitære arbeid. Det gjer at vi kan hjelpe endå fleire som treng det, anten i Norge eller i utlandet, seier President i Røde Kors i Norge, Sven Mollekleiv i ei pressemelding.

47 pantemillionærar

Til saman har 47 heldige blitt pantemillionær. Den siste som vann var ein 29-åring fra Porsgrunn, som i juli vann ein million kroner på sin lokale Kiwi-butikk.

Oslo, Akershus og Telemark er fylka der det spelast mest i Pantelotteriet. Telemark er også fylket med flest pantemillionærar, der sju stykke har vunne toppgevinsten.