Det er Samferdsledepartementet som har fordelt 16,6 millionar kroner til ei utvida TT-ordning til tre fylkeskommunar. Pengane skal brukast i 2017, og neste år er det nye moglegheiter for tildeling i den utvida ordninga.

Auke livskvaliteten

– Dette er svært gledeleg. Vi håpar midlane kan vere med å auke livskvaliteten for brukarane og gje dei moglegheit til å vere meir aktive, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal.

Fylkeskommunen er no i gang med å hente inn opplysningar frå kommunane om kva brukarar som skal vere med i den utvida ordninga. Målet er at rullestolbrukarar og blinde/svaksynte i løpet av august skal få meir pengar til fritidsreiser på TT-kortet sitt.

Utvida ordning

Tilrettelagt transport (TT-ordninga) er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.

Den utvida TT-ordninga som skal dekke ekstra TT-reiser til brukarar som er rullestolbrukarar og blinde/svaksynte, vart oppretta i 2016. Fire fylke vart med første året.

I 2017 løyvde Stortinget 67,8 mill. kroner til den utvida TT-ordninga, og opna i andre halvår for at fleire fylke kunne søke om midlar. Det kom inn 13 søknadar til departementet, og dei tre fylkeskommunane som fekk midlar i denne omgangen var Sogn og Fjordane, Troms og Finnmark.