– I fjor laga vi 3.000 sveler, men i år har vi fått beskjed om å auke mengda. Her kom 18 store bøtter med svelerøre i dag, og så vert det laga meir etter kvart, fortel svelesjef Marie Raftevold Espelund.

I det gamle forsamlingshuset er det oppretta reine svelefabrikken under festivalen. Ute steikte sola, men varmegradene var ikkje mindre over steiketakkene der svele etter svele vart laga.

Eksotiske sveler

Tre damer steiker sveler på seks takkar.

– Dei får ikkje gå heim igjen før bøttene er tomme, smiler Espelund, som fullrosar dei trufaste svelesteikarane.

– Artistane synest svele er det mest eksotiske dei får servert, fordi biff får dei alle stadar, fortel damene. Dei innrømmer dei er gode å steike.

– Vi er dei nye svelekameratane, fastslår Bodil Johnsen.

– Vi er no ikkje heilt nye, meiner Torill Nygård Aarsheim. Dei har alle vore med i fleire år.

– Kjem du til neste år så kjem eg også, er samkvedet, og slik går år etter år. For å steike sveler i Vallhall er sosialt og kjekt, må vite.

Mykje varer

To tonn varer har dei fått i hus i valhall. Til årets svelerøre går det med 1.000 egg, 200 liter surmjølk, 150 kg mjølk, 70 kilo sukker og 50 kg smør. Her snakkar vi store mengder.

– Det er ikkje akkurat slankekost, smiler Espelund.

Damene passar på å ta ut ferien sin medan det er Malakoff Rockfestival, slik at dei kan jobbe som frivillige svelesteikarar. Her står dei time etter time over dei varme steikentakkene, medan sola steiker ute.

– Varmen er fienden vår, meiner dei.

I naborommet står ein annan glad gjeng – wrapsdamene. Store mengder opphakka kyllingkjøtt, salat og lefser vert omdanna til wraps.

– Her lagar vi 2.500 wraps, i tillegg til 300 glutenfrie, fortel Espelund. Fleire av wrapsdamene har vore med i ffleire år.

– Det er motiverande å vere med, og det vi lagar er sunt og godt. Dette er verkeleg god festmat, fastslår dei, og stadfestar at det er mykje mat som går med under Malakoff Rockfestival.

– Som mødrer er vi no opptatt av at ungdommen skal få i seg maten, smiler dei.

Svelesmøring: Svelene må ha riktig smørjing, noko denne gjengen tar seg av. Ida Sølvberg, Solveig Soldal Haugen og Hedda Tomasgard Melheim. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
wraps: 2.500 wraps laga denne gjengen, i tillegg til 300 glutenfrie wraps. – Folk må få i seg skikkeleg mat, seier f.v. Pernille Raftevold Haugen og ei andre wrapsdamene. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes