Det kom store nedbørsmengder på kort tid under uvêret natt til måndag. Dette førte til at vatn trengde inn i fleire bygg på Nordfjordeid.

– Vi rykte ut tre stader på Nordfjordeid. Dette var i Tverrgata, Eidsgata og Kaivegen. Her var det to bustader som hadde fått vatn i kjellaren, og éin garasje i Tverrgata der vatnet hadde trengt inn. Vi fekk lensa ut vatnet alle stadene, men kor store materielle skader det er snakk om er umuleg å seie no, fortel brannsjef i Eid kommune, Ketil Nord.