Det seier Oddrun Erviksæter og Berner Midthjell som søndag jobba med å få festivaldeltakarane til å rydde opp etter seg etter tre dagar med fest på festivalcampen.

–Dei aller fleste tek imot søppelsekkane og ryddar opp etter seg. Når dei gjer det får dei også tilbake 150 kroner som dei har betalt i depositum. Dersom dei ikkje ryddar, får dei ikkje tilbake depositumet, seier Berner Midthjell.

Få unntak

–Men det finst unntak, seier Oddrunn Erviksæter og peikar på eit område der det flyt over av boss og andre etterlatenskapar. Eit lite telt og festivalstolar står att etter dei som har vore på denne delen av campen.

–Denne og eit par andre plassar er døme korleis vi ikkje vil at festivaldeltankarane skal etterlate plassen dei har vore på, seier Erviksæter som elles berre har godord å kome med til dei som har vore på festivalcampen.

Desse festivaldeltakarane har gjort jobben og rydde fint opp etter seg. Foto: Tormod Flatebø
Dei aller fleste tek med seg det dei hadde med seg av telt og stolar. Foto: Tormod Flatebø
Nokre døme på korleis ein ikkje skal etterlate seg plassen. Her flyt det over av alt dei hadde med seg og mykje av det dei ikkje hadde i seg. Foto: Tormod Flatebø
Same plassen sett frå ein annan vinkel. Foto: Tormod Flatebø
Kjekt å vere på festival. Kjekt å forlate området like fint som då ein kom. Dette har tydelegvis vore mottoet for denne gjengen. Foto: Tormod Flatebø