– Vi har fått laga nye sentrumskart, og syntest ideen frå Oslo var morosam. Difor har også vi fått markert forslag til romantiske stadar som egnar seg for å kysse. Det er ingen plikt, og det er ikkje forbode å kysse andre stadar, smiler ordførar Alfred Bjørlo. Det nye kartet er også oppdatert med alle nye tilbod som har kome til i Nordfjordeid sentrum.