– Vi vart lokka med at vi måtte vere tidleg ute, men då vi kom var det ingen andre her, smiler gjengen frå Sotra. Dei kom til festivalområdet i fem-sekstida onsdag kveld, og fekk tidleg sett opp to telt utanfor inngangen. Dei hadde grilla ved sjøen, og skapte stemning med campinglivet med duftlys med vanilje.

– Dette er kjekt, og vi gleder oss til festivalstemninga. Spesielt ser vi fram til å få med oss Biffy Clyro og sjølvsagt Kjartan Lauritzen, fortel strilane.

Topp stemning

Sol og topp stemning prega første festivaldagen på det som er ein av landets største festivalcampar. Her er 5.000 på festivalcamp og 1.000 telt på plass. Festivalcampen er for mange ein viktig del av festivalen og totalopplevinga.

– Musikken er bra, men ein må også ha med seg camplivet, konstaterer ein ivrig festivalgjengar.

Ein gjeng frå Åheim, Stad og Bremanger sat lengst framme i køen torsdag morgon, og koste seg med sol og høg solfaktor.

Sov i kø

– Eg kom her i nitida i går kveld, og sov her i køen. Det var heilt greitt, eg spelte litt kort og fikla med mobilen, fortel Håvard Prestvik frå Stad.

– Eg tar ein for laget. Vi er tre vennar som skal ligge i telt på campen, men vi blir nok ein heil gjeng frå Stad – på 20–30 stykk til saman. Det er ikkje alle som skal inn i same teltet, det ville blitt litt trongt, smiler Prestvik, som er på Malakoff for sjette gang.

– Eg må sikre beste plassen, og det klarte eg så langt. Så får vi sjå i den andre køen. Det blir nok ein bra plass på campen, som er på eit område av det beste Nordfjordeid har å by på, seier han.

Nye vennar

Kevin Beitveit frå Åheim er på plass for femte året.

– Klart ein må ha med seg Malakoff, seier han, og ramsar opp den gode stemninga og alle kjekke folka ein møter på festivalen.

– Og så får vi masse nye vennar her i køen, fastslår han. Musikken med Vestlandet er på høgtalaren og er med å sette festivalstemning før dei slepp inn på området.

– Sy søren, rockeburger er porno. Det er det første eg skal kjøpe, seier kameraten Jon Andre Thue og gleder seg.

Alle ser fram til Karpe Diem og Alan Walker entrar scena.

– Men det er eit must å få med seg Vestlandet med Anna og Vilde. Då blir det allsong, meiner Celine Endal, som har hatt festivalsjef Arnt-Ivar Nausdal som gymlærar på Eid vgs.

Lange køar

Køane var lange då bytte av billett til band for campen opna klokka eitt. Deretter var det ny kø for å kome inn på sjølve festivalcampen.

– No har eg sitte er i 16 timar, og klarer litt til. Det er kjekt, og eg har ikkje kjeda meg eit sekund. Det er bra musikk i bakgrunnen og det begynner å kome folk. Alle er glade, konstaterer Prestvik frå Stad. Med eit effektivt køsystem var alle raskt innfor portane.

Som frivillig ved innsjekkinga står Elias Kroken frå Oslo.

– Dette er ein fantastisk fin festival. Eg har vore her åtte år på rad, og de er spennande i år med ein ekstra dag, seier Kroken, som skal vere frivillig i to dagar.

– Å vere frivillig er veldig gøy og sosialt, synest han.

Telta: – Vi vart lokka med at vi måtte vere tidleg ute, gliser kameratjengen frå Sotra, som telta framfor inngangen natt til torsdag. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Tidleg: – Å sitte i kø er fantastisk. Stemninga er høg, og så får ein nye vennar, seier denne gjengen frå Åheim, Stad og Bremanger, som var heilt fremst i køen torsdag morgon. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
KØ: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal konstaterer at mange er klare for festival, og at dei tidleg sette seg i kø. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Campingutstyr: Mykje campingutstyr høyrer med når ein skal på festival. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Sol og stemning: Smila var på plass i ei solfylt Eidsgate torsdag. Her er ein kameratgjeng frå Sandane som kosar seg med is medan dei ventar på at Malakoff skulle opne. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Hattefin: Ein bergensar som har festivalantrekket på hovudet klart. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Frivillig: Frivillig Elias Kroken frå Oslo er på festival for åttande gang, og skal jobbe to dagar som frivillig. – Veldig gøy og sosialt, synest han. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes