Woodstockfestivalen er legendarisk. Onsdag attskapte Gaute Hovden og Kine Solheim litt av stemninga og ramma rundt den legendariske festivalen, då dei vart vigde av «rockeprost» Rolf Schanke Eikum. Etter dagar og veker med regn, vart bryllaupet arrangert under ein strålande, solfylt og skyfri himmel ute i hagen på Nyland på Hjelle.

Woodstock

Litt meir Woodstock må vi ta med når brudeparet først dreg den saka.

Opphavleg skulle Woodstockfestivalen blitt arrangert i byen Woodstock, i staten New York, men festivalen vart flytta til ein mjølkegard i byen Bethel, også den byen i staten New York. Sjølv om festivalen vart flytta heldt arrangøren på festivalnamnet Woodstock. Det var venta rundt 200.000 besøkande, men det kom ein halv million menneske som samla seg under mottoet «Tre dagar med fred, musikk og kjærleik». Festivalen var typisk for motkulturen seint på 1960- og 1970-talet og hippie-tida. 34 musikarar og grupper var på scena i løpet av ei helg. Festivalen er anerkjent som eit av dei mest historiske augeblinkane innan popmusikk, og oppført av magasinet Rolling Stone som «Femti hendingar som har endra rock’n’roll-historia». Festivalen, som gjekk fredeleg for seg, var også ein protest mot den pågåande Vietnam-krigen.

– Det var utruleg mange kjende namn, både unge på veg opp og velkjende, som stod på Woodstock-scena. Jimi Hendrix sin spesielle gitarversjon av den amerikanske nasjonalhymna har nok brent seg inn i hjerneborken på alle elskarar av rock’n’roll, seier Gaute og Kine som hadde pynta den flotte hagen på Hjelle med effektar frå hippitida på 60- og 70-talet.

Malakoff

– Vi har valt å lage bryllaupsfesten på vår måte. Når vi skulle gifte oss på sommaren, så måtte det bli i tilknyting til Malakoff Rockfestival. Då kjem mange av våre vener heim for å vere på Malakoff. I og med at festivalen er utvida til tre dagar, så måtte det bli bryllaup på onsdagen, seier Gaute og Kine som ikkje kunne tenke seg å gifte seg på sjølv rockfestivalen.

– Nei, det har aldri vore aktuelt. Det ville bli vel mykje offentlegheit, seier dei.

Wedstock

For at det ikkje skulle bli for mykje Woodstock så har Kine og Gaute valt å bruke «Wedstock» som namn på bryllaupet og festen. Gjestane, rundt hundre i talet, hadde blitt oppmoda til å ikkje stille i dress, men heller i litt lettare antrekk som var knytt til tida med fred, musikk og kjærleik. Altså ikkje ulik det som var «in» då Woodstock-festivalen vart halden i 1969.

– Ramma rundt er bryllaup og ikkje karneval, så det gjeld å ikkje ta det heilt ut. Vi har snakka med prost Rolf om dette med antrekk, og hans kommentar var at folk kunne gå nakne for hans del, seier brura og brudgomen med eit smil.

Flott seremoni

Rolf Schanke Eikum, som har vore prest i 40 år, hadde mykje viktig og fint å seie til både brudepar og gjester. Og som vanleg hadde han litt skjemt og gode historier i ermet på kjortelen.

– For oss var det ein ekstra bonus at Rolf sa seg villig til å stå for seremonien. I og med at bryllaupet vårt er så nær knytt opp til Malakoff Rockfestival, var det ekstra stas at sjølvaste «rockepresten», far til Ottar og Rune som starta festivaleventyret, sa ja, sa Kine og Gaute då Fjordabladet snakka med dei dagen før dagen.

Kvit brur: Kine Solheim var kledd i flott kvit brudekjole og med blomekrans i håret, nett slik som det var på 60- og 70-talet. Foto: Tormod Flatebø
Wedstock: Ein svært så lystig brudgom Gaute Hovden kom køyrande i blomstermåla «boble» og entra hagebryllaupet til musikk av Bob Marley. Foto: Tormod Flatebø
Flott hage: Hagen på Nyland på Hjelle var eit vakkert syn den flotte onsdagskvelden. Brudepar og forlovarar gjekk gjennom portalen og fram til altarbordet til «rockeprost» Rolf. Foto: Tormod Flatebø
Flower power: Mange av bryllaupsgjestane hadde funne fram dei gamle antrekka. Foto: Tormod Flatebø
Rock: Både Kine og Gaute har vore på mange av Malakoff-festivalane. Då blir det heilt naturleg å få Svelekameratane til å sette gjestane i rocka stemning. Foto privat Foto: Hilde Renate Kroken
bak ei hesje: Prost Rolf Schanke Eikum måtte skifte til prestehabitt bak ei hesje. Foto: Tormod Flatebø
Rett antrekk: Framstormande Indigo Child hadde antrekk som passa til bryllaupsfesten. Foto Privat Foto: Hilde Renate Kroken