Namn: Daniel Ommedal. Alder: 25 år. Bustad: Er frå Eid, studerer i Trondheim. Sivilstand: Singel. Yrke/Student: Energi og miljøingeniørstudent ved NTNU i Trondheim. Bil: Nei, ikkje bil men motorsykkel, ein Honda CB 500F.

Kva planar har du i sommar?

– Eg har fått sommarjobb hos Havkraft AS i år, der eg skal lage eit simulasjonsprogram for bølgekraft. Og så skal eg på Malakoff Rockfestival så klart. Eg oppdaga Biffy Clyro sist dei var her, og det er gøy at dei kjem tilbake hit. Elles blir det vel eit par motorsykkelturar også.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det var eit godt spørsmål. Det er mange det, men det må kanskje ha vore då eg køyrde motorsykkel til Bø på KRIK-leir i fjor, med fleire tusen kristne ungdommar. Det synest eg er kjempespennande og kjempegøy å vere med på.

Favorittmat om sommaren, og kven lagar den?

– Det må vere jordbær med fløyte med litt sukker på, gjerne norske jordbær, helst frå Stårheim.

Har du nokre hobbyar?

– Eg er oppteken av å halde meg i form, sym litt og driv litt med Calisthenics, som er trening med eigen kroppsvekt.

Kva er du flink til og kva er du dårleg på?

– Eg er ganske god til å svømme, og har halde på med det i 12 år. Har ein noregsrekord i 50 m bryst klasse Master 0. Eg er ikkje så god til å engasjere meg i politikk, burde nok vore litt meir engasjert.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Ambisjonsrik, dedikert og glad.

Noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg for å gjere verda til ein betre plass. Det å møte verdas energiproblem er heile poenget med det eg studerer. Eg håpar jo å finne ei løysing på det, og får eit godt grunnlag for det på det eg studerer. Havkraft og bølgjekraft difor midt i ånda av det eg driv med, det er jo «gratis» energi.

Kven eller kva ville du teke med deg til ei aude øy?

– Ein oppblåsbar luftbåt. Eg må jo komme meg vekk derifrå for å få løyst verdsproblema ...

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær? 10 millionar til dømes.

– Då ville eg ha investert fem millionar i Norges Lutherske Misjonssamband. Far min jobbar der. Elles ville eg nok investert 4 millionar i Hydrowawe og Havkraft. Den siste millionen ville eg kanskje brukt på ein betre og elektrisk motorsykkel.

Kven ville du gje ein blome eller merksemd til?

– Min mor. Ho er så flink, og verdas beste person. Ho jobbar knallhardt for å hjelpe oss ungane, og det er jo veldig hyggeleg av henne. Det fortener ho.

Kva synest du om at Eid skal bli til Stad kommune?

– Det synest eg er heilt greitt, sålenge Nordfjordeid kjem til å heite det, det gjer. Og så håpar eg at det kan bidra til at vi får bru mellom Lote og Anda. Eg er så lei av at brua ikkje er komen enno.

Kva synest du om at Nordfjordeid blir cruisedestinasjon?

– Det er litt spennande det. Eg har sjølv jobba som guide fire somrar i både Olden og Geiranger. Eg synest det er hyggeleg med turistar, dei pleier som regel å oppføre seg veldig fint. Det blir mykje meir liv i bygda. Dei kan gå på vikingtur gjennom Eid, og så vil det nok gje ein god del inntekter. Dei veit å bruke pengar, og gir gjerne tips til guiden, viss han gjer ein god jobb.

Kva er den beste sommarlåten i 2017?

– Despacito, som er ein spansk song. Den har eg høyrt på heile semesteret, og no er den blitt populær her heime også. Eg har vore på utveksling i Valencia i Spania dette siste semesteret, og har fått friska opp spansken min.

Korleis ser du for deg framtida?

– Eg kjem til å bli ingeniør, og løyse verdas energiproblem.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Det veit eg ikkje. Det spørst litt på kvar eg får ein jobb eg trivast i. Og viss eg skulle få meg ei kone, så må jo ho få noko å seie på kvar vi skal busette oss.

Foto: Anita Ingebrigtsen