Toalettet er ein ferdigpakke, som i dag er blitt heisa på plass ved inngangen til Sagaparken og den nye badestranda i Eid sentrum.

Det vesle bygget på 12 kvadratmeter inneheld to toalett, der det eine er eit handicaptoalett.

Toalettet er meint for brukarar av Sagaparken og dei som nyttar badestranda.

Når vikingsenteret Sagastad kjem på plass blir det også toalett i det bygget, men det blir ope berre når Sagastad heldt ope.

For brukarar av Sagaparken er det primere toalettet det som no kjem på plass.

Vi er no ved inngangen til Malakoff rockfestival, og i helga kan det også bli mykje folk i Sagaparken. Det var difor viktig å få dette toalettet på plass no, også i høve til dei som brukar parken elles.

Det er Eid kommune som finansierer toalettet og skal stå for den daglege drifta som vasking og vedlikehald.