Det er ikkje berre folk frå Eid som kan røyste tidleg no, men absolutt alle med stemmerett i Norges langstrakte land. Så er du på feire på Nordfjordeid, og har lyst til å røyste allereie no, er det berre til å ta turen innom servicekontoret på Eid kommune.

– Alle som vil kan røyste, men ein må ha med seg gyldig legitimasjon. Så sjekkar vi at dei står i manntalet, og skriv ut valkort. Vi legg det i ein ekstra konvolutt og registrerer at dei har stemt. Så sender vi stemmene til den kommunen dei kjem ifrå før valet, fortel Anne-Lise Bakke på Eid kommune.

Tidlegrøystinga starta 1. juli og held fram til 9. august. Deretter heiter det førehandsrøysting, og då opnar også høvet til å stemme på biblioteket.

Kan røyste på 14 parti

Stortingsvalet i år er måndag den 11. September.

I Sogn og Fjordane er det levert inn lister frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, SV, Venstre, Rødt, De Grønne, Partiet De Kristne, Liberalistene, Helsepartiet, Demokratene og Alliansen.