Mange slit med overnatting under festivaldagane. Festivalcampen er for lengst utseld.

– Her er framleis mogleg å kjøpe billett til inngangen på festivalcampen, men her er ikkje fleire teltplassar, seier Naustdal.

Førebels er det fleire lavvoar igjen, men også her blir det fort fylt opp.

Bli venn

Bli venn med ein eidar, er dermed oppfordringa til Malakoff Rockfestival.

– Dei som er tilreisande festivalpublikummarar må sjekke litt rundt om overnatting. Her er nokon formidlingstenester på leilegheiter, så her er moglegheiter for dei kreative. Vi veit at det er mange lokale eidarar som fyller husa sine med festivalfolk som kjem heim. Men kanskje er det nokon som har noko ledig eller er villig til å stille hagen sin til telt for festivalfolk? Vi ser at mangel på overnattingsplassa avgrensar nokon for å dra til Nordfjordeid desse dagane, seier festivalsjefen.

Utfordring

– Overnattingsbiten er ei utfordring for oss. Det er viktig for oss at det ikkje blir for mykje uorganisert telting. Det er ikkje berre å ta seg til rette overalt. Vi må sørge for å samarbeide med politi og brannvesen slik at reglar vert handheva, og at vegar ikkje vert sperra, seier festivalsjefen. Han konstaterer at det er mange som søv i bilane sine under festivalen.

Ny lavvocamp

Festivalcampen til Malakoff er kjent for å vere landets største festivalcamp. I år må arrangøren gjere nokre justeringar, ettersom ein mistar nokre teltplassar i Hotellhagen som no vert bygd ut til hus. I år vert det ikkje partytelt på festivalcampen.

– Vi gjer nokre endringar, og tar inn område vi før ikkje har brukt på campen, for å kompensere for det vi har mista. Campen blir med andre ord like stor som før. Vi har 1.000 teltplassar på festivalcampen, i tillegg til 80 lavvoar, fortel Naustdal.

Malakoff etablerer ny lavvo-camp ved Eid vidaregåande skule. Den er dermed flytta frå Skipenes der den låg i fjor.

– Lavvocampen er for dei som ønskjer eit litt rolegare overnattingstilbod, seier festivalsjefen. På lavvocampen kan ein ta med liggeunderlag og sovepose og flytte rett inn i ferdig oppsett telt.

Ingebjørg Nilsen Stokkenes