Skei Grande reiser for tida landet rundt i ein grøn elbil for å ta del i små og store kulturarrangement og for å møte gründerar og jobbskaparar. Fredag 21. juli besøker ho Eid, Gloppen og Førde. Det melder partiet i ei pressemelding.

–Landets beste

Ettermiddagen og kvelden vil Venstreleiaren bruke i Nordfjordeid og på Malakoff. Skei Grande gler seg stort til å oppleve stemninga under festivalen.

– Det blir stas å få besøke ein av landets beste rockefestivalar, i landets beste Venstre-kommune, seier Trine Skei Grande som ser fram til å treffe publikum og frivillige på festivalen.

– Så gler eg meg til å høyre ekte trønderrock når Åge Aleksandersen & Sambandet entrar scena fredag kveld, seier trønderen Skei Grande i pressemeldinga.

– Framtidas arbeidsplassar

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, blir også med på turneen i fylket.

– Eg gler meg veldig til å vise Trine det fantastiske folket i Eid og heile Nordfjord har fått til gjennom Malakoff, fortel Rotevatn før han held fram:

– Det blir også spennande å møte mange gründerar i fylket. Trine brenn skikkeleg for dei som skal skape framtidas arbeidsplassar, så dette blir artig.

Brødrene Aa

Før Malakoff vil Skei Grande besøke Førde og Gloppen. I Gloppen skal Trine Skei Grande mellom anna ha møte med Brødrene Aa i Hyen.

– Eg gler meg til å møte dei som arbeider i Brødrene Aa og høyre om deira innovative arbeid med å utvikle miljøvenlege båtar. Det er inspirerande å møte bedrifter i distrikta som hevdar seg internasjonalt. Dette blir lærerikt! seier Skei Grande.

Gründerlunsj

I Førde blir det mellom anna invitert til «Gründerlunsj med Trine».

– Eg ser fram til å møte, få snakke med og lære av dei som er med å skape dei nye arbeidsplassane i Sunnfjord, anten dei kjem frå bedrifter som er i startfasen eller har halde på ei stund. Og så vil eg sjølvsagt seie litt om kva Venstre meiner skal til for å skape fleire nye arbeidsplassar i framtida, fortel Trine Skei Grande i pressemeldinga.