– Dette blir eit startskot for dei mange stadane kor elbilsatsinga enno ikkje har kome i gong. Ordninga er relevant for aktørar i nesten 300 kommunar, og vi håper å sparke i gong marknaden i flest mogleg av desse, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova.

Det kan gjevast støtte til bygging i kommunar der det er maks éin hurtiglader frå før. Enova dekker 40 prosent av investeringskostnaden, med ei øvre grense på 200.000 kroner per hurtigladar.

– Mange stader i distrikta er det så få elbilar at hurtigladestasjonar vil vere ulønsame endå ei god stund framover. Ved å tilby støtte til bygging av hurtigladarar i desse kommunane, ønskjer vi å gjere elbiler til eit reelt alternativ for endå fleire, endå raskare, seier Kvam.

Først til mølla

Enova stør inntil to hurtigladarar i kvar kommune, og søknadane blir behandla etter først-til-mølla-prinsippet.

– Vi vil evaluere støttetilbodet årleg, og kan ikkje seie noko om kor lenge tilbodet vil gjelde. For å framskunde utviklinga er det eit poeng å få potensielle aktørar i gong så raskt som mogleg, og for dei er det uansett ein fordel å vere tidlig ute lokalt i sin kommune, seier Kvam i Enova.

Nye brukargrupper

Dei siste to åra har Enova støtta bygging av i alt 230 hurtigladarar langs hovudfartsårene i Norge, frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. Denne satsinga bidrog til ein samanhengande og heilskapleg dekning av ladestasjonar langs dei viktigaste transportkorridorane. Det nye tilbodet supplerer korridorsatsinga.

– Dette opnar for utvida bruk av elbil på nye stader og for fleire brukargrupper. Den nye satsinga kan bli viktig for taxiar og annen lokal nyttetransport, samt pendlarar og andre med lengre køyrelengder utanfor hovudfartsårene.

Støttetilbodet opnar i første halvdel av september.