Både frisørane og kundane opplever gjensidig avhengnad av kvarandre.

– Vi har kundar som har følgt oss heilt sidan vi begynte å klippe i Hola. Det synest vi er veldig kjekt. Når vi er på ferie, ventar dei på at vi kjem tilbake. Vi blir jo glade i kundane våre, og dei i oss, det set vi veldig stor pris på, seier Aud Helene H. Dalseth.

Jubilerer med 20 år

Dei gjekk i lære hos Dagmar Midthjell i Hola, og flytta sidan opp der Toppen kafe ligg i dag. Då Moengården vest opna, flytta dei inn der for 12 år sidan.

– Vi gjekk i ein god skule og Dagmar lærte oss opp. Så vi kan å massere, vikle permanent, halde orden og ikkje minst gjere hardt arbeid, seier Anita H. Løvlid.

Då Dagmar vart sjuk spurte ho oss om vi ville overta drifta, og det gjorde vi 15. juli 1997.

Etter 20 år merkast det litt i skuldrer og armar, men dei trivst så godt på Amfiet og held fram så lenge helsa er god.

– Sjukdom rår ein ikkje med, og vi står på og jobbar det vi klarar, seier Aud Helene.

Stabil arbeidsplass

Det å drive ein frisørsalong i eit kjøpesenter krev mykje. Hjula må gå rundt også når andre held ferie på sommaren og i juletida.

– Kostnadene med drifta er dei same, sjølv om vi tar ferie, og det er først dei seinare åra at vi har blitt flinkare til å løyve oss fire vekers ferie, spreidd utover året. Vi får fort dårleg samvit når det går ei stund. Men ferie må vi ha, elles går det ikkje, seier Anita.

Sidan frisørsalongen ligg i kjøpesenteret har dei, dei same opningstidene som senteret.

– Vi trivst kjempegodt her, og det er veldig bra miljø her, og veldig sosialt. Det er ikkje vanskeleg å spørje om noko, viss det dukkar opp eit problem. Så er vi blitt så glade i eigarane Bjørn Kåre og Ivar Moen, og føler vi kjenner dei så godt, seier Aud Helene.

NÆRT FORHOLD: Både Aud Helene H. Dalseth og Anita H. Løvlid har fulle kalendrar i sommar. Det blir fort eit nært og kjært forhold mellom kunde og frisør. – Vi høyrer mykje, men heldigvis går det inn eine øyret og ut det andre. Det er ikkje alt vi klarar å lagre, seier Aud Helene. Foto: Anita Ingebrigtsen
Frisør Anda Karazniece tek imotbestilling. Foto: Anita Ingebrigtsen
Aud Helene H. Dalseth avtalar neste hårklipp med ein kunde. Foto: Anita Ingebrigtsen
Kosting av golv må også til. Her svingar Agathe Zwerwekh kosten. Foto: Anita Ingebrigtsen