Karoline Holsen Kyte er rekordknusar på dei fleste motbakkeløpa for tida. Ho kjem frå Førde, og tok rekord i Svinestranda Opp for ei veke sidan. No er det forventa at ho også tek damerekorden på Trollenykjen opp.

Topp forhold for Trollenykjen opp

I fjor var det Arve Rindal som var raskast i herreklassa med 37 minutt og 42 sekund. Då var det snø, og kalka løyper. I år er forholda nærmast perfekte.

Leiar for arrangementet Kenneth Vedvik seier det er mange år sidan det har vore så bra forhold. Det er bart og tørt nesten heile vegen opp. Han trur det kan bli ny rekord.

– Det har ikkje komme stygge skyar, så eg trur vi slepp unna. Forholda er kjempegode. Vi var å merka torsdag og då var det heilt tørt nesten heile vegen. Eg er heilt sikker på at det kan bli ny rekord for damer. Karoline Kyte kjem, og ho er best i Norge og kan sette rekord, kanskje attpåtil under 40 minutt. Og så blir det spennande med herrane der har vi seniorane Arve Rindal og Andreas Skystad mellom anna, seier Vedvik.

I dei yngre klassane kan det bli konkurranse mellom eidarane, og stårheimarane.

– Av dei yngre kan det bli spennande mellom Magnus Skeide Bakke er påmeldt, Ingebrigt Nes Hjelle og så håpar eg at Kasper Mundal kan dukke opp, men han har ikkje meldt seg på endå, men det er enno tid. Så har vi Trym Lødøen Dalseth frå Haugen, Johan Olav Smørdal Botn, så det er mange gode. Av jentene er det også fleire gode vi har Sigrid Flo Bødal

60 i konkurranseklassa

–Vi har 50 påmelde i konkurranseklassa, og eg reknar med det kjem kanskje rundt 10 til så da blir vi 60 i konkurranseklassa, fortel Vedvik

Han skal sjølv springe opp, og har eit mål om å slå sin eigen rekord på 44 minutt.

– Klarar eg det, så hadde jo det vore kjekt, eg trur det skal gå, seier han.