Gunvald Ludvigsen (V) og Arild Krogh Nøstdal (V) stod på til siste slutt for namnet Selja. Dei var to av dei fire Eid-politikarane som i kommunestyret i går ikkje stemde for Stad som namn på den nye kommunen Eid + Selje.

Då avstemminga var over, leita Ludvigsen fram pinsen med Selje sitt kommunevåpen, som han nyleg hadde fått av Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

– Eg har godteke nederlaget og ser lyst på framtida. Ein må kunne argumentere og stemme for det ein meiner er rett. Men no er vedtaket gjort, og vi går vidare, seier ein blid Gunvald Ludvigsen.