Ein mann i 30-åra frå Nordfjord er i Sogn og Fjordane Tingrett dømd til fengsel i elleve månadar. Han vert dømt for bruk av narkotika, for å ha stole ein bil på Nordfjordeid og for å ha køyrd motorvogn medan han var rusa. Nordfjordingen hadde heller ikkje gyldig førarkort, og då politiet oppsøkte han sette han seg til motverje. Han vert også dømt for å ha forsøkt å skalle til ein politimann fleire gongar, for å ha kome med drapstruslar, og for å ha sett seg fysisk til motverje. Nordfjordingen spytta også i ansiktet på politiet. Hendingane skjedde i byrjinga av mars i år.

Mannen erkjende ikkje straffskuld, og hevdar han ikkje huskar noko av det som har skjedd. I tillegg til fengselsstraff vert han pålagt sperrefrist for erverv av førarrett for førekortpliktig motorvogn for alltid.