Det var fylkesmann Anne Karin Hamre som inviterte dei to kommunestyra til å gjer ein del formelle vedtak i felles plenum. På det felles kommunestyremøtet vart Stad vedtatt som namn på den nye kommunen. Det vart bestemt at det nye kommunestyret skal ha 33 medlemmar, at kommunerevisjon Nordfjord skal vere revisor for Fellesnemda, som også vart vald på møtet. I fellesnemnda sit det seks representantar frå kvar av dei to kommunane.

Kulturinnslag

I tillegg til fylkesmann Hamre sin invitasjon til å gjere dei formelle vedtaka, var det også nokre flotte kulturinnslag under møtet. Indigo Child var først ut, dertter følgde Eid Mannskor med eit par songar som var skrive i høve dagen. Line Dybedal avslutta programmet med verdspremiere på ein ny låt.

Line Dybedal stilte opp med verdspremiere på nyskriven låt. Foto: Tormod Flatebø
Indigo Child underheldt kommunestyra frå dei to kommunane, som snart blir til ein. Foto: Tormod Flatebø
Det var ein høgtidleg dag for alle politikarane, men kanskje aller mest for dei to ordførarane Alfred Bjørlo (V) og Stein Robert Osdal (KrF). Foto: Tormod Flatebø
Fylkesmann Anne Karin Hamre entra scena med fjording og karjol. Foto: Tormod Flatebø
Dei har sitte i kvart sitt kommunestyre, far og son Hansen. Oddvin Hansen (t.v.) i Eid for Høgre, og far Svein Hansen for Frp i Selje. Torsdag var nok ein heilt spesielle dag for nettopp dei to. Foto: Tormod Flatebø