Eid Venstre inviterer til paneldebatt komande laurdag, 24. juni kl. 13:30 i Eidsgata ved Frislidhjørnet.

Føremålet med debatten er å utfordre partia på korleis dei stiller seg til aktuelle tema i samband med det foreståande stortingsvalet, sett i eit Sogn og Fjordane perspektiv. Som introduksjon til debatten vil krigskommissær og seinare ordførar og stortingsmann Myklebust frå "Elskhug & Eksis"-spelet halde ein aktuell appell.

Partia H, V, Sp, Ap, SV og KrF stiller med Frida Melvær, Sveinung Rotevatn, Sigurd Reksnes, Torbjørn Vereide, Vibeke Johnsen og Stein Robert Osdal. Ordstyrar for debatten blir journalist Tormod Flatebø.

Ettersom det vil vere mykje folk i Nordfjordeid sentrum denne jonsokhelga (på grunn av ”Elskhug og Eksis”-førestillingane), vil det vere naturleg at partia også stiller med stand. Både før og etter debatten blir det derfor høve for folk i gata å møte partia og utveksle synspunkt.