Initiativtakarane til dansen var yogalærar Marta Eríksdóttir frå Eid og Anne Seljeset frå Hornindal. Dei samla kvinner frå heile Nordfjord fredag kveld for litt over ei veke sidan. I indre Hornindal laga dei eit bål på ei opa slette. Og så kunne dansen ta til.

Ein ny start

Materialet til bålet hadde dei fått frå ei gammal løe som hadde gjort si teneste. Dei heile starta fredag ettermiddag med å få fyr på bålet. Første rituale var å skrive på papirlappar kva ein vil kvitte seg med av unødige ting som ein ber med seg. Desse lappane vart så kasta på bålet som ein del av renseprosessen. Når lappane brann opp skulle ein altså bli kvitt desse negative kjenslene. Og så kunne ein starte på nytt i dansen rundt bålet.

–Dette er ein bra måte for å bli kvitt negative ting som ein har med seg. Dette er kjensler som stel energi og som det kan vere godt å få bort, slik at ein kan starte på nytt, seier yogalærar Marta Eríksdóttir. Ho har bak seg mange år med undervisning innan eit vell av ulike typar yoga. For å nemne noko er det til dømes latteryoga, danseyoga, yoga for menn og vassyoga. Denne gongen har ho altså bevega seg over i kanskje endå eldre tradisjonar for å skape harmoni og rense kroppen. Det er første gong Marta prøver indianderdans, og ho seier at dansen i Hornindal var eit eingongsforsøk.

Berre for kvinner

Arrangørane understreka også at indianerdansen berre var for kvinner.

–Dette var ein møtestad for å skape eit kvinnefelleskap i dansen rundt bålet. Kvinner kan ofte ta med seg negative kjensler over fleire år, og det er godt vi kan møtes for å rense dei bort, seier Marta som beskriv kvelden i indre Hornindal som magisk med sol og fint vêr.

Rituale

Indianerdans har alltid vore ein sentral del av kulturen til indianarane i Amerika. Dei dansa ved ulike høve og for ulike formål. Dei kunne danse for siger eller for fred, den såkalla ørnedansen. Ofte var dansen også eit skodespel der det blei dansa med masker, og ein ville vise fram særskilde kjensler.