Han hadde sett fram til rolegare dagar som pensjonist i Gloppen med fisketurar, hytteliv og tid til barnebarna. I staden hamna han i rullestol, lamma og med store smerter.

- Eg gjekk frå å vere frisk, sterk og oppegåande til å bli pleiepasient over natta. Det å vere heilt avhengig av andre for å få utført daglegdagse gjeremål har vore noko av det tøffaste. Det er klart det kan kjennest bittert, men eg kan ikkje bruke kreftene på slikt, seier Steinar Sandnes.

Etter omfattande rehabilitering og knallhard eigeninnsats har han kjempa seg tilbake. Ved å skrive om det han har vore gjennom, ønskjer han å hjelpe andre i same situasjon. Han meiner òg at boka «Hjerneslag. Kampen min for eit verdig liv» som kjem ut på Selja Forlag, vil vere nyttig både for helsevesen og utdanningsinstitusjonar i møte med slagpasientar.

- Eg byrja å skrive med tanke på born og barnebarn, men såg fort at dette var noko fleire kunne ha glede av. Eg har fått føle på kroppen kor altomfattande det er å få slag. Eg trur mange vil få aha-opplevingar av å lese det eg har vore gjennom - som fagperson og pasient.

Det starta som ei merkeleg kribling i kroppen som kom og gjekk, og som legane ikkje fann noko forklaring på. Ein dag Sandnes stod ved kjøkkenbenken ville ikkje kriblinga gje seg, han mista kjensla i heile venstresida, seig ned på golvet og vart liggjande med kraftige krampar. Han var åleine heime og tenkte: «Steinar, dette er alvor!».

- Det var ei voldsom redsle. Eg låg lamma på golvet og kunne stille min eigen diagnose. Eg visste at livet i verste fall kunne vere over i løpet av nokre minutt.

Då kona Inger fann han på golvet, gjekk alarmen og han kom raskt til sjukehuset på Eid. Der vart det påvist ein stor bløding i høgre hjernehalvdel, og han hadde fleire blødingar i løpet av det neste døgnet.

Sandnes veit at det er heilt avgjerande å komme raskt til behandling etter hjerneslag, og har vanskeleg for å forsone seg med at det skulle ta nesten 30 timar før han kom på operasjonsbordet ved Haukeland universitetssjukehus.

- Hadde eg vorte frakta direkte til Haukeland og operert i løpet av nokre timar, er eg overtydd om at skadeomfanget ville vore mindre. Det ligg der som eit ope sår, fortel han.

Etter operasjonen var han sterkt redusert og lamma i store delar av kroppen, men å gi opp var aldri noko tema. «Eg gir meg aldri – og ikkje då heller!» har vorte mottoet hans gjennom den tøffe prosessen.  Etter rehabiliteringsopphald både i Førde, på Hauglandsenteret og i Gloppen og store mengder eigentrening er han på føtene att, men han er framleis avhengig av gåstol og hjelp til mange gjeremål.

- Eg er optimist, likar å trene og har sett meg hårete mål. Eitt av dei er å komme meg opp i båten og få sett garna mine. Eit anna, langsiktig mål, er å kunne gå igjen utan rullatoren. Eg veit at det stadig vil vere steg tilbake sjølv om det gradvis går framover. Det tek ikkje livskvaliten frå meg, seier Sandnes.