Bakgrunnen for saka er at Eid Idrettspark BA (EIP) har fått tilsegn om spelemidlar på 788.000 kroner. Spelemidlane er tildelt ut frå ein søknad på same sum, med grunnlag i eit samla utgiftsbudsjett på 2.365.000 kroner til renovering av kunstgrasbana ved Eid Idrettshus.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak er at Eid kommune forskotterer spelemidlarane som tilskot til Eid Idrettspark BA og at tilskotet blir betalt tilbake (motrekna) når spelemidlane blir utbetalt til Eid kommune hausten 2017.

EIP søkjer også om garanti for lån dei har frå etableringa av anlegget, og dei søkjer om eit tilskot på 250.000 kroner til nyrenoveringa. Rådmannen skriv at dette må EIP kome tilbake til i ein oppdatert søknad, som kan handsamast av kommunestyret den 7. september.