Fylkesmannen tek ikkje klaga frå Per Røyrhus AS til følgje, og har stadfesta vedtak frå Eid kommune om å gje lovbrotsgebyr på 100.000 kroner for manglande sikring mot ein kommunal veg.

Ein rapport frå SGC Geofare slo fast at det var overhengande fare for utgliding av til dels store massar i vegbana ved masseuttak på Skårhaug. Kommunen gav entreprenør Per Røyrhus AS pålegg om augeblikkeleg sikring mot vegen, samtidig som det vart gjeve varsel om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. I samband med ei synfaring konkluderte kommunen med at pålegget om sikring ikkje var etterkome. Kommunen gjorde derfor vedtak om tvangsmulkt.

Etter klage frå Røyrhus vart kommunen sitt vedtak om tvangsmulkt stadfesta av Fylkesmannen. I saka kom Fylkesmannen også til at pålegget var gyldig. Kommunen følgde opp det ulovlege forholdet ved å gje lovbrotsgebyr på 100.000 kroner for aktlaus eller forsettleg brot på plan- og bygningslova.

Geologisk aktivitet

Røyrhus klaga på vedtaket og peika på at mesteparten av området som skulle sikrast ikkje er påverka av menneskeleg aktivitet, men er sprukke opp etter langvarig geologisk aktivitet. Han kunne ikkje sjå at dette er arbeid som han var pliktige til å utføre, då fjellskjeringa er kommunal og ligg utanfor hans regulerte masseuttak. Røyrhus såg likevel fordelen med at området vert sikra, med tanke på eventuell vidare drift i masseuttaket. Kommunen handsama klaga og kom til at den ikkje skulle takast til følgje. Saka vart sendt til Fylkesmannen for endeleg handsaming.

Plikt til å sikre

Bakgrunnen for lovbrotsgebyret er kommunen si vurdering av at Per Røyrhus AS ved utføring av verksemda ikkje oppfylte si plikt etter plan- og bygningslova til å sikre ein kommunal veg mot overhengande rasfare. Etter føresegna kan mellom anna graving og sprenging ikkje setjast i gong utan at dei ansvarlege på førehand har treft nødvendige tiltak for å sikre skade som kan oppstå på person. Fylkesmannen legg til grunn at den manglande sikringa medførte fare for skade på personane som nytta den kommunale vegen.

Grad av alvor

I vurderinga av kva som er eit rimeleg gebyr kan bygningsstyresmaktene mellom anna leggje vekt på graden av alvor, og om den ansvarlege openbert kjente til at handlinga var i strid med regelverket. Vidare om det er oppnådd økonomisk vinst eller verdiauke ved handlinga, om lovbrotet er gjort med vinnings hensikt, og om den ansvarlege er ein profesjonell aktør. Det kan også leggjast vekt på den økonomiske situasjonen til den ansvarlege.

Fylkesmannen peikar på at vegen nedanfor verksemda vert nytta som tilkomst til eit større bustadfelt. Den manglande sikringa medførte ei overhengande fare for nedfall av blokk på offentleg veg, og dermed for livet og helsa til personane som nyttar vegen. Dette viser at det er stor alvorsgrad knytt til brotet.

I skjerpande retning legg Fylkesmannen også vekt på at verksemda som skulle ha vore sikra, fann stad innanfor areal som på det tidspunktet ikkje var regulert for masseuttak eller anleggsverksemd.

Fylkesmannen legg til grunn at Per Røyrhus AS er ein profesjonell aktør som skulle kjenne regelverket og finn ikkje formildande omstende som kan vektleggjast i utmålingsvurderinga. Alvorsgraden brotet medførte må derimot reknast for å vere skjerpande. Det same gjeld graden av skuld.