Kjølsdalen Montessoriskule var blant dei uttrekte skulane som fekk gratis skulebrød (skulebollar) til si skuleavslutning. Etter eit flittig år på jobb eller skule er det lov å kose seg litt. Det er Opplysningskontoret for brød og korn som står bak Skulebrødets dag, som er lagt til siste fredag før sommarferien.

Sunt

–Elevane driv skulekjøkenet sjølv, kvar dag, heile året. Der har dei sjølv ansvaret for at alle får variert og sunn mat til kvart skulemåltid, at alle har tilgang til frukt og grønt minst to gonger per dag, og at det til ein kvar tid ser reint ut, og er hygienisk å vere og jobbe. Desse borna og ungdomane fortener verkeleg ein skulebolle til avslutninga den 16. juni, var rektor Thomas Hals ved Kjølsdalen Montessoriskule si grunngjeving for at akkurat hans elevar burde få skulebollar.

Skulen starta med høgtideleg avslutning i gymsalen, der elevar, tilsette og foreldre til 7. klassetrinn. Eter det var det felles lunsj som i år inkluderte nybakte skulebrød i høve Skulebrødets dag.