Seks lokale 2002-modellar er tatt ut til regional talentsamling i Bergen.

Samlinga for dei lovande handballspelarane går i Sotra Arena 17.-18. juni. Tre gutar frå Haugen/Eid er tatt ut til samlinga: Oliver Strømmen, Kristoffer Eikeset og Noah Aldema. Det er også tatt ut tre lokale jenter: Miriam Åsebø Berg, Danielle Starheimsæter og Elena Balsnes Lyngstad.

Heile uttaket kan du sjå her.

Det er tatt ut to gutetroppar og to jentetroppar, alle med i underkant av 30 spelarar.

Under samlinga vil det også vere føredrag om mental trening og om kosthald. Desse vil bli halde av fagpersonar fra Olympiatoppen Vest.

I etterkant av samlinga vil det bli tatt ut sju utespillere og ei målvakt, både på gute- og jentesida. Desse skal representere Region Vest på den sentrale talentsamlinga i Skien 7.-10. august.